Øvre Falstad

 

 

Gårds- og slektshistorie.

 

 

 

 

 

Gårdshistorie.

 

 

  Falstad kjem av det gamle Feligsstadir, som gården heiter i Aslak Bolts jordebok frå 1350.

Namn på stad er frå Vikingetida, men det er all grunn til å tru at gården kan vera rydda tidlegare, før år 700, så laglig som han ligg tett oppom fjorden.

  Feligs er avleidd av grunnformen "feligr" som betyr rik, godt i stell. Feligsstad kan derfor beint fram bety velstandsgården, storgården.

  I dag er den vanlige uttalen mellom bygdefolket Falstad, i samsvar med skrivemåten, men framleis fins det gamle skogningar som bruker formen "Felstad" med tjukk l.

  Gården vart tidlig kirkegods. Arne Vestrum trur at Falstad var ått av ein av dei høvdingane som nekta å gå over til kristendomen og som derfor vart jaga frå gods og grunn. Visst er det at dei eldste dokument fortel at halvparten av gården hørte til erkebispens jordegods. Den andre halvparten var delt mellom Vår Frue kirke i Trondheim, Gevikkirka og Tautra kloster.

  I den aller eldste tid var det sjølsagt berre ein gard, men det må tidlig ha blitt fleire partar. I Aslak Bolts jordebok viser det seg å vera tre gårder, for der er m.a. nemnt Midtgården.

  I 1552 var det Tautra kloster som åtte Øvre Falstad, men ved reformasjonen kom storparten av klostergodset inn under Reinsgodset og slekta Hornemann, som åtte Øvre Falstad til i 1763. Gården ble drevet av bygselmenn som gjerne festa eigedommen på livstid.

  Bjørn heiter første bygselsmannen som vi kjenner namnet på. Han står oppført i ei landskyldliste frå 1532.

  Per heiter bygselmannen i 1548. Han satt også med gården i 1559. Dødsåret hans kjenner vi ikke, og det blir eit langt hopp før vi får tak i namnet på neste bygselsmann.

  Arnt Rasmussen Falstad blir første gong nemnt i 1645. Han var fødd i 1607 og satt med eiendommen heilt til i 1690.

  Rasmus Arntsen Falstad overtok bygselen etter far sin. Han var fødd i 1656 og hadde gården til etter 1730. I 1718 herja svenskan på Innherad. Frå Rasmus Falstad tok de 10 tønner bygg, 35 tønner havre, 3 kyr, 2 kviger til en samla verdi på 112 riksdaler. For det de hadde rekvirert, hadde de lagt etter seg 12 svenske daler.

  I 1723 vart det tatt opp ny matrikkel over heile landet. Om Øvre Falstad vart det skreve at det ikke var noen husmann under gården, at det var tilstrekkelig med skog, at det hørte seter til gården som låg i utmarka, at det var høve til fiske, at gården var årviss for korn og lettdreven. Det vart sådd 2 tønner bygg og 10 tønner havre. Middels høyavling var 30 lass vollhøy og 2 lass ekerhøy. På gården var det en besetning på 2 hestar, 6 kyr, 3 ungnaut, 7 sauer og 6 geiter.

  I 1724 dreiv Rasmus Falstad sak med Nedre Falstad on Sørhaugen, som han brukte til sauebeite. Naboen førte vitne som hevda at Øvre Falstad hadde betalt leie for Sørhaugen, og Rasmus Falstad tapte.

  Anders Rasmussen Falstad tok over bygselen etter faren. Han var gift med Siri Mortensdatter. Anders døde i 1754, Siri i 1760.

  Ole Anderssen Falstad ble siste bygselmann på Øvre Falstad. Først dreiv han for mor si, og siden satt han sjøl som bygselmann tili 1764, da Henrik Hornemann på Rein solgte Øvre Falstad til løytnant Lorentz Hanning for 700 riksdaler. Ole Falstad ville nok sjøl ha kjøpt heimen, der slekta hadde budd i over 100 år. Han fekk først ein husmannsplass under Hottran. Men kjøpte seinare Vestre Halsan.

  Lorentz Hanning hadde kjøpt gården på spekulasjon,og alt samme året solgte han Øvre Falstad til Lars Bardosen Vestrum.

  Lars Bardosen Vestrum som var gift med Kirsti Olsdatter, var den første sjøleigarbonde på Øvre Falstad. Da kona døde, gifta han seg med gårdsjenta på Gustad og flytta dit.

  Knud Knudsen Hagen kjøpte Øvre Falstad i 1773 og betalte 950 riksdaler. Han kunne ikke greie seg på eiendommen, og i 1780 gikk gården til auksjon. Kjøpmann Lorentz Angell i Trondheim var største fordringsmann , og han slo til seg gården for 800 riksdaler.

  Lars Jonsen Bjørgum kjøpte gården av Angell, men han greidde ikke rentene, og det vart ny auksjon.

  Christen Torgersen Gustad fikk tilslaget den 28. april 1783 for 363 riksdaler. Den 21. juni 1787 vart han gift med Marta Olsdatter Minsås. Ekteskapet vart barnlaust, men Marta hadde ein gut frå før, Lars Sivertsen, som vart med til Falstad og vart arving. Christen Falstad var fødd i 1749 og døde nyårsdagen 1844. Han satt med gården til i 1831.

  Lars Sivertsen Falstad var fødd i 1784 og døde 25. januar 1866. Han var gift med Anne Johannesdatter Holthe, fødd 1787, død 1853. Han satt med gården til i 1857. Då overdrog han øvre Falatad til eldste guten sin og tok kår.

  Erik Larsen Falstad ga 4000 spesidaler for eiendommen. Det var dårlige tider, og i 1866 gikk gården til auksjon. Det var mange som hadde lyst på gården, men det var få som kunne løyse de store pantene. Tredje gangs tvangsauksjon vart sett i verk den 7. februar 1868.

  Olaus Larssen Kaldal vart høgstbydende med 3420 spesidaler. Sagnet fortel at han var ukjent i bygda, og lensmannen ville vite om han hadde ordna seg med kausjon. Da drog Olaus Kaldal fram kamforet sitt og la pengane på bordet med spørsmål om det ikke var god nok kausjon. Gården har seinare vore i hans slekt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Slektshistorie.

 

 

  Slekta som nå sitt på Øvre Falstad er så å seie ei rein bondeslekt frå Nord- og Sør-Trøndelag. Einaste unntaket er slekta Moltzau, som etter namnet å dømme er ei tysk slekt. I denne utgreiinga er det ein militærlege som gjorde teneste under admiral Tordenskiold som har ført med seg det framande innslaget.

 

Slekta har tilknytning til dei gårdane som er rekna opp her nedanfor:

 

Skogn: Falstad, Hallan, Vestrum.

Frol: Tingstad.

Åsen:  Fåren, Hammer, Husby, Løvtangen, Skjelstad, Risberg, Sundal.

Frosta:  Hernes, Lokstein, Lutdal.

Leksvik:  Bjørum, Håven, Kammen, Vanvik.

Mosvik:  Brevik, Hammer, Kaldal.

Verran:  Tun.

Ytterøy:  Erstad, Jørstad, Stangerholt.

Skatval:  Røkke.

Stadsbygd:  Tangvik, Tung.

Lensvik:  Landrø, Meland, Singstad, Tøndel, Ysland.

Ørlandet:  Døsvik.

 

  Ei slektstavle som går  gjennom seks ledd vil til vanlig få 32 namn i øverste leddet. Når det har vore gifting mellom slektfolk vil fleire av greinene falle sammen, slik det også blir i Idar Falstads slekt.

  I lista med seksten fanilier vil de fire første omfatte farfars slekt, frå fem til og med otte  farmors slekt, frå ni til og ned tolv morfars slekt, og frå tretten til og med seksten mormors slekt.

  Etter at tavla er sett opp, vil det bli gitt nærare utgreiing om kvar enkelt av de seksten greinene. Der vil også slekta i fleire høve bli ført enda eit par ledd lengere tilbake i tida.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Idar Falstads slektstavle.

 

 

            1                                 2                                 3                                 4

Andreas Ottarsen         Lars Anderssen            Lars Anderssen            John Olsen

g.m.                             g.m.                             g.m.                             g.m.

Karen Colbanusdtr.     Ingeborg Olsdtr.          Ingeborg Olsdtr.          Ellen Olsdtr.

 

 

 

OleAndreassen Falstad                                   Olaus Larsen Kaldal

f. 1823, død 1865                                           f. 1811, død 1887

g.m. Karen Lovise Larsdatter                          g.m. Elen Jonetta Johnsdatter

f. 1816, død 1865                                           f. 1824, død 1888

 

 

 

Peter Alexander Falstad         g.m.       Ingeborg Kaldal

f. i Leksvik 9. april 1844                      f. i Mosvik 1846

d. i Ekne 4. juni 1932                          d. i Ekne 18. april 1926

 

 

 

                                               Peder Ingvald Falstad

                                               f. i Ekne 14. juli 1873

                                               d. i Ekne 11. september 1949

                                               Gift 27. august med Agnes Jørstad f. 21. september 1890

 

 

 

                                               Idar Falstad

                                               f. i Ekne 21. september 1910

                                               Gift 30. desember 1940 med Astrid Sundal, f. 19. mars 1920

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

            5                                 6                                 7                                 8

Nils Johnsen Brosve     Andreas Ottarsen         Andreas Johannessen     Jeremias Jenssen

g.m.                             g.m.                             g.m.                               g.m.

Marta Nilsdtr.              Karen Colbanusdtr.     Gurine Danielsdtr.          Mette Larsdtr.

 

 

 

            John Nilsen Brosve                                         GunneriusAndreassen Falstadberget

            f. 1812, d. 1892                                              f. 1834, d.1910

            g.m. Nikoline Andreasdtr.                               Ingeborg Anna Jeremiasdtr.

            f. 1831, d. 1906                                              f. 1843, d. 1929

 

 

 

                        Kristian AlbertJørstad  g.m.     Anna Margrete Guneriusdtr.

                        f. på Ytterøy 24. juni 1860                  f. i Ekne 30. august 1866

                        d. på Ytterøy 1. mars 1942                 d. på Ytterøy 5.oktober 1924

 

 

 

                                               Agnes Jørstad

                                               f. i Ekne 21. september 1890

                                               Gift 27. august 1910 med Peder Ingvald Falstad.

 

 

 

                                               Idar Falstad     g.m.     Astrid Sundal.

 

 

 

                                  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

A. Farfars slektsgreiner.

 

 

Peder Falstads slekt har røter i Ekne, Leksvika, Mosvika, Frosta, Verran.

 

 

Første slektsgrein.

 

1.  Lars.

Vi kjenner berre namnet. Trulig var han frosting, men han kan og vera kommen over frå Ekne. Han var trulig fødd kring år 1740.

 

2.  Ottar Larssen var fødd i 1765. Han vart gift med ei gårdenke på Lutdal i Frosta. Ho heitte Marta Arntsdatter og var fødd i 1760.

 

3.  Andreas Ottarsen Lutdal vart fødd på Lutdal i 1796. Den 7. juli 1822 vart han i Leksvika gift med gårdenka Karen Colbanusdatter Kammen. Ho hadde før vore gift med Ole Pedersen Kammen. Ho var fødd i 1793. Andreas Lutdal må ha hatt slekt eller i kvartfall kjenningar i Ekne for forlovaren hans heiter Anders Vestrum.

 

4.  Ole Andreassen Falstad vart fødd på Kammen 3. november 1823. Den 10. juni 1842 vart han gift med Karen Lovise Larsdatter Kaldal, som var fødd 3o.januar 1816. I 1853 flytta de med fire born til Ekne, der han festa ein plass under Falstad. Den 26. desember (2. juledag) 1865 drukna ekteparet på Trondheimsfjorden på veg til julebesøk hos skyldfolk i Leksvika.

 

5.  Petter Aleksander Falstad var fødd i Leksvika 9. april 1844 og døde i Ekne 4.Juni 1952. Den 1. juli 1869 vart han gift med Ingeborg Olausdatter Kaldal, som var gardjente på Øvre Falstad. Ingeborg Falstad var fødd i Mosvika 11.august 1846 og døde på Ekne 18. april 1926.

 

6.  Peder Ingvald Falstad vart fødd i Ekne 14. juli 1873 og døde i Ekne 11. september 1949. Den 27. august 1910 vart han gift med sin tremenning Agnes Jørstad, som er fødd på Ekne 21. september 1890.

 

7.  Idar Falstad er fødd 21. september 1910 i Ekne. Den 30. desember 1940 vart han gift med Astrid Sundal , fødd 19. mars 1920.

 

8.  Asbjørn Falstad er fødd 26. juli 1944.

 

 

Tidlegare er nemnt at Andreas Lutdal vart gift med Karen Colbanusdtr. Om hennes forfedre kan en gi disse få opplysingan:

 

Anders Håven budde på Håven i 1750. Han er trulig fødd kring 1720.

Colbanus Anderssen Håven var fødd i 1751. Han var gift med Anne Paulsdatter Vanvik, fødd 1762. Hennes far heitte Paul Isaksen Vanvik. Han var død før 1801.

 

 

 

 

 

Andre slektsgrein.

 

1.  Anders Tunsdal, var husmann under Tun i Verran. Han var trulig fødd kring år 1730.

 

2.  Anders Anderssen Tunsdal var fødd i 1761. Han var gift med Lovise Larsdatter, som var fødd i 1770. Ved folketellinga i 180l blir det opplyst at han utanom husmannsplassen også var sagmester.

 

3.  Lars Anderssen Tunsdal var fødd i 1793. Han kom til Brevik i Mosvika som dreng. Der vart han forlova med dotter på gården Ingeborg, som var 16 år eldre enn han. Lars var for ung til å gifte seg da første barnet kom. De vart gift 15. juni 1813. De kjøpte Kaldal og flytta dit.

 

4.  Olaus Larssen Kaldal var fødd 4. november 1811. Den 20. november 1845 vart han gift med Elen Jonetta Lillemarken under Hammer i Mosvika. Ingeborg var fødd 28. august 1824 og døde 19. desember 1888. Olaus Kaldal kjøpte Øvre Falstad og flytta dit i 1868.

 

5.  Ingeborg Olausdatter Falstad var fødd 11. august 1846 og døde 18.april 1926. Ho vart gift med Petter Aleksander Falstad. Ho hadde ein bror, Anders Olaussen Falstad, fødd 17. mars 1852 som døde 16. juli 1878.

 

6.  Peder Ingvald Falstad

 

7. Idar Falstad

 

8. Asbjørn Falstad.

 

 

Tredje slektsgrein.

 

Slektskapet innan farsslekta gjer at tredje slektsgrein heng nøye sammen med første og andre slektsgrein. Det blir derfor i førstninga berre sett opp namn utan data.

 

1.  Anders.

 

2. Anders Anderssen.

 

3.  Lars Anderssen Kaldal g.m. Ingeborg Olsdatter.

 

4.  Karen Lovise Larsdatter er søster til Olaus Larssen Kaldal i Andre slektsgrein. Ho vart fødd i Mosvika 30. januar 1816 og vart gift med Ole Andressen Falstad (Første slektsgrein).

 

5.  Petter Aleksander Falstad.

 

6.  Peder Ingvald Falstad.

 

7.  Idar Falstad.

 

8.  Asbjørn Falstad.

 

 

Fjerde slektsgrein.

 

1.  Ole Lillemarken, plass under Hammer i Mosvika. Han er trulig fødd rundt 1760.

 

2.  John Olsen Lillemarken var fødd 1785. Han var gift med Ellen Olsdatter, fødd 1790.

 

3.  Elen Jonetta Johnsdatter var fødd 28. august 1824 og døde 19. desember 1888. Ho var gift med Olaus Kaldal.

 

4.  Ingeborg Olausdattr Kaldal gift med Petter Falstad.

 

5.  Peder Ingvald Falstad.

 

6.  Idar Falstad.

 

7.  Asbjørn Falstad.    

 

 

 

 

 

B. Farmors slektsgreiner.

 

 

Femte slektsgrein.

 

1.  John Stangerholtsve var fødd kring år 1750.

 

2.  Nils Johnsen Brosve var husmann under Øvre Erstad på Ytterøy. Han var fødd 1780 og døde 28.desember 1861. Han var gift med Marthe Nilsdatter.

 

3.  John Nllssen Brosve var fødd 5. februar 1812 og døde 31. oktober 1892. Den 18.september 1858 vart han gift med Nikoline Andreasdatter Kammen som vart fødd 27. november 1831 og døde 29. november 1906. Ho var søster til Ole Andreassen Kammen, seinare Falstad, som drukna i 1865. (Første slektsgrein)

 

4.  Kristian Albert Johnsen Jørstad var fødd 24. juni 1860 og døde l. mars 1942. Den 12. august 1886 vart han gift med Anna Margrete Falstadberget, fødd i Ekne 20. august 1866, død på Ytterøy 5. oktober 1924.

 

5.  Agnes Jørstad gift med Peder Ingvald Falstad.

 

6.  Idar Falstad.

 

7.  Asbjørn Falstad.

 

 

 

 

 

Sjette slektsgrein

 

Denne slektsgreina er den samme som den første.

 

1.  Lars.

 

2.  Ottar Larssen.

 

3.  Andreas Ottarsen gift med Karen Colbanusdatter.

 

4.  Nikoline Andreasdatter Kammen var fødd 27. november 1831 i Leksvik og døde 29. november 1906 på Ytterøy. Ho vart gift med John Nilssen Brosve (Femts slektsgrein). Nikoline Andreasdatter var yngre søster til Ole Andreassen (Første slektsgrein).

 

5.  Kristian Albert Johnsen Jørstad.

 

6.  Agnes Jørstad gift med Peder Falstad.

 

7.  Idar Falstad.

 

8.  Asbjørn Falstad.

 

 

Sjuande slektsgrein

 

1.  Peder. Han var trulig fødd kring år 1740.

 

2.  Johannes Pedersen Hallan var fødd i 1765. Han var gift med Anna Andersdatter, f. 1775.

 

3. Andreas Johannessen var fødd på Hallanvallet den 28. juli 1800. Han festa ein plass under Vestrum. Den 15. mars 1830 gifta han seg med Gurine Danielsdatter Bjørum frå Leksvika.

 

4.  Andreas Gunerius Andreassen vart fødd 27. oktober 1834 og døde 16. september 1910. Han overtok Falstadberget. Den l0. januar 1866 vart han gift med Ingeborg Anna Jeremiasdatter. Ho var fødd 20. mars 1845 og døde 12. februar 1919.

 

5.  Anna Margrete Falstad var fødd 30. august 1860 og døde på Ytterøy 1924. Ho vart 12. august 1886 gift med Kristian Albert Jørstad.

 

6.  Agnes Jørstad gift med Peder Ingvald Falstad.

 

7.  Idar Falstad.

 

8.  Asbjørn Falstad.

 

 

 

 

 

 

Ottande slektsgrein.

 

1.  Jens.

 

2.  Jens Jenssen Vestrumsvall. Han hadde i si tid Djupen. Han var gift med Ingeborg Larsdatter, som var datter av Lars Johansen på Nedre Falstadvallet.

 

3.  Jeramias Jenssen Haugan, var fødd 14. mars 1817. Han vart gift 28. mars 1843 med Mette Larsdatter frå Frosta.

 

4.  Ingeborg Anna Jeremiasdatter var fødd 20. mars 1843 og døde på Falstadberget 12. februar 1919. Den l0. januar 1866 vart ho gift med Andreas Gunerius Falstadberget.

 

5.  Anna Margrete Falstad vart gift med Kristian Jørstad.

 

6.  Agnes Jørstad gift med Peder Falstad.

 

7.  Idar Falstad.

 

8.  Asbjørn Falstad.

 

 

 

Peder Ingvald Falstads søsken.

 

l.  Karl Johan Falstad var fødd 11. januar 1871. Han reiste til Amerika.

 

2. Annette Cathrine Falstad var fødd 16. mai 1877.

 

3.  Alfred Olbert Falstad var fødd 2. april 1879 og døde 17. juli l950. Den 27. oktober 1911 vart han gift med Mette Mjøsund, fødd 31. mars. De hadde eiendommen Falstadberget.

 

4.  Ingemar Olaf Falstad fødd 12.april 1881. Reiste til Amerika 12. mars 1903.

 

5-6.  Tvillingparet Arne Modulf Falstad og Karine Marie Falstad. De var fødd 2. april 1884. Arne døde 4. april 1884, Karine Marie fall bort 19. april 1884.

 

7  Ingrid Aslaug Falstad var fødd 24. nov. 1885. Vart gift i Trondheim.

 

8.  Laura Olida Falstad var fødd 2. april 1888.

 

 

Peder Ingvald Falstads yngre barn:

 

1. Solveig Falstad er fødd 25. januar 1913. Utdanna til sjukesøster ved Diakonissehuset i Oslo. Den 21. november 1936 vart ho gift med gartner Harald Dalen, fødd 28. juli 1905. De har eiendommen Innlegget.

 

2. Erling Falstad vart fødd 12. oktober 1918. Han døde ved å falle utfor et berg i marka den 21. september 1941.